Vidare i «Norske talenter» (2024)

Vel mørk eller lys utsjånad på avisa:

Kristine Brandsdal Barane

Oppdatert:

Trommeslagar Maurício Weimar frå Rosendal i Kvinnherad er klar for den direktesende semifinalen i «Norske talenter» på TVNorge i oktober.

Den tidlegare kulturskule-læraren i Kvinnherad seier dette til Kvinnheringen:

– Eg trur eg skal gjera det litt annleis i semifinalen. Då er det folket som skal bestemma, så det blir noko anna. Eg har det klart i tankane kva eg vil, så får me sjå kva som skjer. Det blir spennande.

NTB & Preben Ørpetveit Solberg

→ Del

Brann om bord på MF «Stord»

Det brenn i maskinrommet på ferja MF «Stord». Det er 21 personar om bord. Alle er i tryggleik, men det er ikkje kontroll på brannen.

Det er mogeleg at nokre personar har fått i seg røyk. Det er ikkje meldt om personskade utover dette, opplyser Vest politidistrikt.

Ferja var på veg frå Oppedal i Gulen til Lavik i Høyanger og ligg omtrent 2,5 kilometer frå Lavik kai.

Meldinga om brannen kom klokka 10.15.

Ferja vart levert i 1987 for Hardanger Sunnhordlandske Damskipsselskap, og vart sett i rute på sambandet Halhjem-Sandvikvåg. I 2007 blei ferja flytta.

Preben Ørpetveit Solberg

→ Del

Eigar saknar hengjar og skilt

Tysdag fekk politiet telefon om at ein person hadde fått eit skilt og ein båthengjar stolen. Hengjaren skal ha stått parkert i Sagvåg sentrum.

– Ofte er det slik om éin person har fått fråstolen eit skilt, så er det fleire som melder skilta sine stolne, seier seksjonsleiar i Stord-politiet, Kim Nedrehegg.

Hengjaren har stått parkert i ein månad, det er difor uklart kva tid dette skal ha skjedd.

Preben Ørpetveit Solberg

→ Del

Opna innbyggjartorg

Ordførar i Bømlo, Morten Helland. Foto: Simon Knutsson Sortland / Bømlo kommune

Ordførar Morten Helland i Bømlo kommune opna måndag det nye innbyggjartoget på biblioteket i Svortland.

– Å bli sett, høyrt og hjelpt er grunnleggjande behov me har, sa Helland i tala si.

I ei pressemelding står det at bakgrunnen for flyttinga er at rådhuset må rasjonalisera og effektivisera drifta

– Dei tilsette på biblioteket vil kunne rettleia deg om kommunale tenester og visa deg til rette personar i kommunen, seier biblioteksjef Astrid Drevland.

Kristine Brandsdal Barane

→ Del

Køyrde på hjort

På Husnes i Kvinnherad blei det måndag kveld i 20-tida meldt om ein viltpåkøyrsel, opplyser Torgeir Fosse ved Kvinnherad politistasjon.

– Nok ein gong blei ein hjort skadd, og det blei materielle skadar på køyretøyet. Ingen personskadar, seier Fosse.

Sist helg var det meldt om tre påkøyrslar av vilt i kommunen. Denne gongen var det på den såkalla «stripo», like ved industriområdet på Husnes.

– Denne plassen er ein kjent stad der hjorten tråkkar over vegen. Dei som køyrer langs vegen er kjend med at det fleire stader langs «stripo» står hjort, seier Fosse.

– I Kvinnherad kommune er det mykje hjort og stadig vekk påkøyrslar. Når det mørknar om kvelden og morgonen, er ein ekstra utsett, og det er vanskeleg å sjå, legg han til.

Han oppmodar bilistar om å visa aktsemd og vera konsentrert under køyring.

Kristine Brandsdal Barane

→ Del

Trafikkulukke i rundkøyring

Klokka 19.29 måndag kveld var det eit trafikkuhell i ei rundkøyring på Husnes i Kvinnherad.

– Politiet rykte ut til staden og det blir oppretta sak, fortel Torgeir Fosse ved Kvinnherad politistasjon.

Det skal ha vore to bilar involverte, og det er snakk om brot på vikeplikt.

Ingen personar blei skadd i smellen.

Vidar Hope

→ Del

Dagens eavis er ute

Tysdagsavisa av Sunnhordland si eavis blei forseinka. Ein teknisk feil gjorde at utgåva ikkje blei tilgjengeleg før tysdag formiddag. Eavisa er no publisert.

Jonas Tislevoll

→ Del

Brann i køyretøy

– Brann og politi rykkjer ut etter melding om brann i køyretøy.

Det skriv Vest politidistrikt klokka 20.28.

Køyretøyet står på ein parkeringsplass på Husnes i Kvinnherad. Det er ikkje meldt at det er personar i eller ved bilen.

Klokka 20.43 skriv politiet at naudetatane er på staden, og at Brannvesenet har kontroll på brannen.

Kristine Brandsdal Barane

→ Del

Innstilte hurtigbåt-avgangar

Skyss melder om tekniske problemer måndag, som påverkar hurtigbåt-avgangar.

Avgangen klokka 15.15 frå Leirvik til Skånevik, og returen klokka 16.20, er innstilt. Det same var ei rute frå Sydnes til Leirvik 13.35 måndag.

Begge innstillingane gjeld rute 2080 og skuldast tekniske problem, melder Skyss.

Kristine Brandsdal Barane

→ Del

Vurderer jordmor-samarbeid

Tysnes kommune har mangel på jordmortenester fram til ei ny jordmor byrjar i desember, og dei jobbar med å finna ei mellombels løysing.

Avisa Tysnes skriv at fungerande kommunedirektør Kristine Trane har hatt dialog med Fitjar kommune, som vurderer om dei kan samarbeida om jordmortenester. Fitjar er positive, men må sjå på kapasiteten før dei gir endeleg svar. Trane jobbar òg med å få på plass kurs for gravide som eit mellombels tiltak.

Står utan jord­mor: – Ikkje vore noko opp­følging
Sa opp avtale. Fann helse­farlege avvik
Vidar Hope

→ Del

Må avlysa jagar-foredrag

Sunnhordland skreiv i sist veke om Stord maritime museum sitt foredrag om jagaren KNM «Stord» som skulle arrangerast tysdag 15. oktober. Måndag opplyser Gunnar Bjørk i Venelaget Stord maritime museum at arrangementet er avlyst, og grunngjev det med sjukdom.

– Me hadde venta mange folk til dette arrangementet og skal forsøka å få det gjennomført ved ein seinare anledning, seier Bjørk til Sunnhordland.

Fortel om mystiske «Stord»
Kristine Brandsdal Barane

→ Del

Skreiv ut 20 bøter på E39

Utrykkingspolitiet hadde måndag lasarkontroll langs E39 ved Haukås i Sveio.

Heile 20 forenkla førelegg blei skrivne ut.

Det blei gjennomført kontrollar både i 60- og 80-sona.

– Høgaste hastigheit i 80-sona var 117 km/t, medan høgaste hastigheit i 60-sona var 93 km/t, skriv Sørvest politidistrikt.

Kristine Brandsdal Barane

→ Del

Trøbbel med lege-telefonen

Det er for tida datatekniske problem som gjer det vanskeleg å nå gjennom til alle legekontora i Bømlo kommune på telefon måndag.

– Leverandøren Infodoc jobbar med saka, men det er uvisst kor tid det vert normal drift igjen, melder kommunen på sine nettsider.

Kristine Brandsdal Barane

→ Del

– Enn så lenge held vintervêret seg i fjellet

Slik ser det ut på Haukeli langs E134 måndag morgon. Snøen landa i helga. Foto: Statens vegvesen

Meteorologisk institutt melder på X at det, ifølge gamal tradisjon, er første vinterdagen i dag 14. oktober. Då snur ein primstaven.

– Me har sett på temperaturane rundt om i landet denne morgonen, og stort sett er det ingen kulde å finna i låglandet. Enn så lenge held vintervêret seg eit stykke opp i fjellet, skriv dei.

I Haugesund blei det målt 4,4 grader mandag morgon, slik ser det ut i heile landet:

Mandag morgon klokka åtte såg temperaturane slik ut i landet. Foto: Meteorologisk institutt

Ingvild Siglen Berger

→ Del

Sjekka nesten 90 for rus

Det var ein trafikkontroll med fokus på rus rett før klokka 09 søndag morgon, ved Meatjørna på Heiane på Stord. Der blei 89 sjåførar kontrollerte.

– Det var ingen som slo ut på rus, så det var bra. Det er sånn me helst vil at det skal vera, seier Kim Nedrehegg, seksjonsleiar for etterforsking og etterretning i politiet på Stord.

Ingvild Siglen Berger

→ Del

Sjåfør blei vist bort frå sentrum

Rundt klokka 00.30 natt til laurdag fekk politiet melding om ein bil som køyrde tullete i Bremnes sentrum på Bømlo, fortel seksjonsleiar Kim Nedrehegg i Stord-politiet.

– Me var ute og kontrollerte føraren. Han blei vist bort fram til dagen etter. Ut frå korleis han køyrde var det ikkje nokon grunn til at han skulle vera der resten av natta, seier Nedrehegg.

Sjåføren var ein mann i 30-åra.

Ingvild Siglen Berger

→ Del

Jobbar med å få på plass hjartesone

Det blir føreslått å setja av ni millionar til tilbygg på Tjødnalio skule, i samband med budsjettrevisjonen for 2. tertial som skal opp i formannskapet 22. oktober. I revisjonen kjem det også fram at det blir jobba med prosjektering av hjartesone ved Tjødnalio skule, og overgangsfelt i Nysætervegen.

«Målet er å få hjartesona ut på anbod i løpet av oktober 2024, og oppstart arbeid november 2024. Ein vil komma tilbake med sum for investering av trafikksikringstiltak i budsjett for 2025», heiter det.

På lista over trafikksikring står Tjødnalio skule som nummer éin, og midlane vil bli nytta ved denne skulen, står det i budsjettrevisjonen.

Ingvild Siglen Berger

→ Del

Sklie-reparasjon let venta på seg

Vassklia i bassenget på Stord kulturhus. Foto: Ingvild Siglen Berger (arkiv)

I budsjettrevisjonen i Stord kommune for andre tertial, står det eit punkt om situasjonen rundt vassklia i symjehallen i kulturhuset på Stord.

– Det var gjort avtale om at skila skulle reparerast i løpet av juli, vedkommande som skulle utføra arbeidet har ikkje prioritert dette oppdraget, heiter det.

Ein leitar no etter andre som kan utføra arbeidet.

– Det er vanskeleg å finna fagfolk med denne kompetansen, står det.

Jonas Tislevoll

→ Del

Køyretøy med stans

Vegtrafikksentralen vest opplyser søndag formiddag om at eit køyretøy har fått stopp i Bømlafjordtunnelen mellom Føyno og Sveio.

– Vis omsyn, skriv dei på X klokka 09.26.

Jonas Tislevoll, Ingvild Siglen Berger

→ Del

Hevda seg utsett for vald

– Rundt 03.30 i natt fekk politiet melding om ein person som hevda seg utsett for vald. Politiet kom til staden, men fornærma var svært rusa.

Det seier Herman Emil Eileraas, vaktsjef ved Haugesund politistasjon, til Sunnhordland søndag morgon.

– Personen i 20-åra var for rusa til å gje frå seg ei forklaring. Det er ikkje blitt oppretta sak, men vedkommande har blitt oppfordra til å melda saka til politiet i etterkant.

Hendinga skal ha skjedd utanfor Esso i Leirvik sentrum. Seksjonsleiar Kim Nedrehegg i Stord-politiet opplyser at fornærma blei køyrd til legevakta.

Jonas Tislevoll

→ Del

Spamma naudnummeret til politiet

– Rundt midnatt natt til søndag var det ein person i 50-åra som ringde naudnummeret til politiet fleire gongar. Vedkommande sa ingenting fornuftig og snakka usamanhengande. Dette har vore eit problem tidlegare, seier Herman Emil Eileraas, vaktsjef ved Haugesund politistasjon.

Personen risikerer no å bli meldt til politiet for hindring av offentleg tenestemann.

Vidare i «Norske talenter» (2024)
Top Articles
Latest Posts
Recommended Articles
Article information

Author: Geoffrey Lueilwitz

Last Updated:

Views: 6756

Rating: 5 / 5 (60 voted)

Reviews: 83% of readers found this page helpful

Author information

Name: Geoffrey Lueilwitz

Birthday: 1997-03-23

Address: 74183 Thomas Course, Port Micheal, OK 55446-1529

Phone: +13408645881558

Job: Global Representative

Hobby: Sailing, Vehicle restoration, Rowing, Ghost hunting, Scrapbooking, Rugby, Board sports

Introduction: My name is Geoffrey Lueilwitz, I am a zealous, encouraging, sparkling, enchanting, graceful, faithful, nice person who loves writing and wants to share my knowledge and understanding with you.